Logg inn med Facebook eller Google!

Skiathos og Alonnisos 1985

Started by sandalar, 21. May 08, 20:48:29

Previous topic - Next topic

sandalar

Mai 1985 drog eg og to veninner til Skiathos, der vi var i 2 veker. Vi budde på ein fantastisk sjarmerande plass i Skiathos by, ytterst på ei klippe, med balkong og super havutsikt. Skiathos var ei svært sjarmerande øy, og eg kunne absolutt tenkja med å dra tilbake dit. Eg hugsar trange gater med trappetrinn opp til den delen av byen der vi budde. Dette var ein skikkeleg sol og avslappingsferie. Stort sett kvar dag tok vi den overfylte bussen til den vakre stranda Koukounaries beach. Den var ein av dei vakraste strender. Ei stor bukt med kvit sand og frodig pinjeskog eit stykke overfor stranda. I mai månad var Skiathos grøn og frodig, i motsetnad til meir sørlege øyar. Frå Koukounaries kunne vi gå ein grusveg gjennom skogen til ei anna strand som den gongen var nudiststrand, Banana beach! For oss unge, var det ein nedtur at det stort sett var gamle, feite tyskarar som sprada ikring der i netto. Det var ikkje særleg vakkert, men stranda der var kjempefin. Ein dag var vi på båttur til Alonnisos. Slik eg hugsar det, var det berre nokre få hus der vi gjekk iland. Turismen var definitivt ny på Alonnisos den gongen. Vi tok buss opp til den fråflytta gamlebyen som låg høgt oppe på fjellet, med kjempeutsikt ned mot havet. Eit av mine vakraste minner!! Vi var forresten nokså redde på den bussturen, for det var bratt og dårleg veg utan sikring av noko slag. Sjølv for oss vestlendingar var vegen i det tøffe laget. Gamlebyen var som ein spøkelsesby. Den var heilt fråflytta, stille, men dog så idyllisk. Gamle murhus, trepper og villblomster hengande over alle murkantar. Dei einaste levande sjelene der opp var fleire magre villkattar, stakkars pusane!!
Dersom nokon har vore i Alonnisos seinare år, hadde det vore artig å få vite korleis det er der no!!      :flower:  :flower:

Siste innlegg i forumet

Re: Magiske øyeblikk i Hellas
by fila | 18. Jun 24, 23:03:45
I det gamle Hellas og Roma var en asclepeion et he...
Re: Innførsel av bil til Hellas
by mouche | 18. Jun 24, 10:23:03
Har sett dette spørsmålet stilt en rekke ganger ...
Re: Syros mai 2024
by marjana | 13. Jun 24, 19:32:24
Hetebølgen fortsetter, og mye tyder på at det bl...
Re: Hvor er dette? 1032
by kaka | 31. May 24, 09:52:14
- og hva er fasiten, Katherina?...
Re: Sifnos
by Runar Solvik | 21. May 24, 14:46:56
Takker 👍 Har vært på Sifnos en gang før...
Re: Transport fra Athen lufthavn til Rafina
by Frynse | 03. May 24, 09:16:44
Det tar fort 30-45 minutter før du får bagasjen,...
Steingjerdene i Kykladene
by marjana | 29. Apr 24, 17:05:52
Her er en artikkel om de gamle steingjerdene i Kyk...
Re: Artikkel om buegangene i Ano Syros
by Kabi | 29. Apr 24, 10:27:08
Nok en gang har jeg ruslet gjennom Ano Syros buega...
Re: Vårtur - 2018 - Kardamili
by Kabi | 22. Apr 24, 19:01:52
Så koselig å se deg her igjen, Katherina :) Da b...
Amorgos blir neste
by Diddi | 14. Apr 24, 11:44:17
Ja, neste reise for oss blir på juvelen Amorgos i...
Re: Bildeserie fra Kithnos
by Diddi | 14. Apr 24, 11:22:45
☀️...
Re: Foto fra Kea
by Diddi | 14. Apr 24, 11:01:11
:) ...
Re: Kea og Kythnos
by marjana | 11. Apr 24, 00:34:01
Fergene fra Lavrio har en rute tur/retur bare Lavr...
Re: Nye branner
by Kabi | 09. Apr 24, 09:52:33
Kreta er også rammet av branner,mennesker alvorli...
GRATULERER med dagen !
by Kabi | 25. Mar 24, 12:58:44
Gratulerer med dagen, Hellas !https://www.ekathime...