Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - sandalar

1
ÅÅÅÅÅ så kjekt å lese reiseskildringa di frå Amorgos Anders.  :bounce:  Eg har lese og drøymt om denne øya og også prøvt å få tak i filmen Big Blue, som eg har høyrt om. No klarte du å formidle på ein svært god måte korleis denne øya er. Du legg merke til og gledar deg over dei same tinga som eg gjer når eg er i Hellas. No er definitivt Amorgos på mi liste over øyar eg må dra til  :flower:
2
Takk til Anders også!!

Kjekt å få tilbakemeldingar!! :flower:  :flower:  :flower:
3
Tusen takk Bengalow !  :flower:

Artig at du likar språket mitt som er nynorsk. I Norge har vi 2 skriftspråk, nynorsk er i stort mindretal og eg skriv det, sidan eg er frå vestlandet. Upraktisk med 2 språk, men slik er det. Svenskar og vestlendingar pleier å forstå kvarandre godt!
Kjekt at du likar reiseskildringane også. Ser at du ofte er innom forumet, så du er nok, som meg, svært glad i alt det greske. :flower:
4
Då var det på ny ferietid og denne gongen gjekk turen til Kreta for 2. gong. Sist drog vi på chartertur til Chania-området. Denne gongen drog vi med Norwegian, kun fly til Heraklion. Eg hadde ferie kun ei veke, men mannen min og dei to jentene våre, skulle vere der to veker. Alt går an med Norwegian!! :idea: Før vi dreg til ei gresk øy, har eg alltid tilbringa timesvis på nettet for å søke etter fine plassar å dra til. Det er ein stor del av gleden ved turen det  :idea:  :idea: Eg hadde funne fram til ein liten by sørøst på Kreta som heiter Makry Gialos. Den ligg berre 30 min. med buss øst for Ierapetra, Europas sørlegaste by. Det tek 2,5 time med buss frå Heraklion til Ierapetra, og deretter buss-skifte og ein halv time derifrå til Makry Gialos. Bussforbindelsane er gode. Ierapetra er ein sjarmlaus større by, men Makry Gialos  :bounce:  :bounce:  :bounce:  Dit bør du reise!! Det er ein liten by om ligg i ei bukt med ei nydeleg sandstrand. Stille og fredeleg plass, langt borte frå masseturismen. Langs stranda ligg taverna etter taverna. Ikkje særleg turistbutikkar, men vakker plass.  Vi drog direkte dit, og det var akkurat slik eg hadde lese om. Denne plassen står knapt nemnt i norske reisebøker  :drunken:
Då vi kom dit, vart eg og jentene plasserte på fortauskanten ved stranda, medan mannen min gjekk for å skaffe oss husrom. Han kom tilbake etter 5 minuttar og hadde funne leilegheit til oss berre ei trapp opp frå der vi sat. Her var det eit eldre ektepar som eigde eit stort hus i fleire etasjar. Spesielt med huset var at det vaks ein vinranke oppetter huset og dekka det nesten fullstendig med grønt og svære drueklasar. Druene hang over hovuda våre på balkongen utanfor leilegheiten.  Her budde vi den veka eg var der. Vertskapet var svært koselege og inviterte oss inn på Raki, gresk brennevin. Dei snakka kun nokre gloser tysk, så det var eit artig besøk med mange fakter og mykje latter for å forstå kvarandre. Ein dag vart eg dregen med av svigerinna til huseigaren, inn rett frå gata til eit bryllup i den vesle kyrkja rett over vegen. Eg fekk gåve og diverse, fordi dei likte meg så godt :flower:  :flower:  Fantastisk vennlege og inkluderand folk. På denne plassen var det badeliv og soling som stod i fokus. Eg og den eine dotter vår, tok oss ein dagstur til den vakre byen Agios Nikolaos (1,5 t. med buss.) Kvelden før eg skulle dra heim, fekk eg ein pose med ein diger drueklase eg absolutt måtte ta med heim til Norge. :cheese:  Dei møtte også opp for å vinke adjø saman med familien min, då eg måtte setje kursen heimover grunna jobben min.  :cat:
Resten av familien hadde ei flott veke etter eg drog. Dei forflytta seg nordover til ein by som heiter Sitia. Her fekk dei rom hjå ei gresk dame, som forbarma seg over denne einslege faren med dei to døtrene. Utan å ta noko ekstra for det, kom ho og serverte mannen min middag kvar dag. Han sendte bilete på SMS til meg, slik at eg fekk fylgje med i dagens meny. :compress:  slikt opplever ein berre i Hellas, trur no eg då. Eg forstår at eg gjekk glipp av flotte opplevelsar dei hadde, mellom anna badeturane til palmestranda Vai, som ligg heilt på tuppen øst på Kreta.  Bileta derifrå viser ei vakker sandstrand, ulik alle andre på Kreta, med sydhavspalmer på rekke og rad.
Kreta har uendeleg mykje å by på. Den framstår ikkje forlokkande på meg når du køyrer hovudvegen frå Heraklion og østover. Der er det tett i tett med store hotell og bråkete discobarar og tusenvis med turistar. Med ein gong du tek av frå denne turistfella (etter Agios Nicolaos), kan du oppleve det genuine Kreta. Det er vakkert, det kan eg stå inne for. Neste gong eg dreg til Kreta, skal eg m.a. besøke Spinalonga, øya der dei spedalske var forviste fram til 1950 åra. Det fekk eg lyst til etter at eg nettopp har lese romanen:  \"Øya\" av Victoria Hislop. Spinalonga ligg kort veg frå Agios Nikolaos.
God tur til Kreta  :flower:  :flower:  :flower:  :flower:
5
Så var det på tide med ny Hellas-tur.  :faroah: Denne gongen drog eg og mannen min og dei 2 jentene våre til den flotte greske øya Lesbos, eller Lesvos som den også blir kalla.  :bounce:  Vi hadde 3 veker til disposisjon og drog slik vi pleier, med kun fly Norwegian tur- retur. Som alltid tenkte vi på førehand at vi ville få tid til å besøke ei, kanskje to øyar til, men det vart ikkje noko av. Lesbos er nokså stor og det er mange flotte plassar å utforske. Tida vår rakk ikkje til heile øya, så dette er igjen ei øy eg ynskjer å dra attende til. Vi starta opphaldet vårt i hovudbyen Mytilini.  :flower: Dette er ein travel havneby. Sjarmerande bakgater, men ikkje den finaste plassen vi har vore. Vi heiv oss på den første bussen og drog til ein liten plass som heiter Scala Kolloni.  :flower: Bussturen dit var lang, men vakker!!!Lesbos liknar ikkje på nokon av dei øyane eg har vore på tidlegare.  Scala Kolloni ligg ved ei svær bukt eller innsjø, der havet går langt inn, midt på øya. Det er ein fiskelandsby med koselege små fiskebåtar og ei roleg atmosfære. Vi fekk oss rom like ved torget. Her kunne vi bade og slappe av nokre dagar før vi sette kursen vidare til Molyvos.  :flower:  Molyvos er ein nydeleg by nord på øya. Den ligg i skråninga oppover mot ei stor borg. Her er ein smal veg oppover som slynger seg gjennom byen med borga som endestasjon. Flott by ! Vi sat på fortauskafe oppe i gatene og såg ned og ut på det glitrande havet. På kveldstid blomstra byen med lokale utsalg i alle smug oppover. I Molyvos budde vi på ein campingplass like utanfor byen. Vi har campa før i Hellas og alltid vore fornøgde med standarden. Dette var ein stille og fin plass, men det var fullt av digre edderkoppar der.Eg såg ein diger ein på størrelse med handa mi inne på det lite hygieniske toalettet :colors: Og med to døtre som absolutt ikkje likar edderkoppar, så vart ikkje opphaldet vårt her så lenge. Meiner vi var der omtrent 3 dagar. Vi besøkte den vesle byen Petra  :flower: like ved Molyvos. Det er ein vakker plass med ei smal, strand tett i tett med turistar. Det flottaste med Petra var ei lita kyrkje bygd øverst på ein smal liten fjelltopp, som stod som eit fyrtårn rett opp frå det ellers flate landskapet. Der var vi oppe og der var det spesielt å vere.
Neste stopp var Scala Erossos  :flower: Dette må seiast å vere den finaste plassen vi besøkte på Lesbos. Den ligg på sørsida av øya mot vest. Ein kjem køyrande over eit stort fjellparti som er nesten som eit månelandskap, øde og snautt med rader med digre vindmøller. Så går vegen nedover ein fruktbar dal, der den siste delen går gjennom olivenlundar og bondegardar ned mot havet og Scala Erossos. Stranda er berre heilt nydeleg. Den er lang og brei med grovkorna sand. Perfekt for bading og reint fint vatn. Denne staden er samlingsplass for lesbiske frå heile Europa. Det såg vi på kveldstid med uvanleg mange godt vaksne damer hand i hand. Det er ein roleg plass, ingen spesiell party-plass. Vi slo opp teltet vårt på ein del av den lange, lange stranda der det var lov å campe gratis. Så opplevde vi det ubehagelege at det var ein fyr i naboteltet som låg og kikka på oss under teltduken heile natta!! Det var ekkelt, og eg og mannen min vart sitjande vakt utanfor jentene sitt telt på skift heile natta. Vi visste ikkje kva vi kunne forvente oss av skrullingen. Dette vart slutten på campinglivet for denne turen. Neste dag fekk vi oss rom i 2. etasje hjå ein koseleg gresk familie. Mannen min som er ein ivrig syklist sykla ein dag frå Scala Erossos til Kalloni, Agiossos, Olympos (968m) tur-tetur. Ein tur på 20 mil. Det er eit av hans beste minner frå denne ferien. Ein anna ting som var artig på Scala Erossos, var at det ved enden av stranda var eit våtare parti, der det var fullt av små skilpadder. Det var artig å studere desse, og det var alltid samla mange ungar akkurat der. Vi fann ut etter ei veke at vi burde sjå meir av øya. Difor pakka vi saman nok ein gong og sette oss på bussen igjen. Denne gongen drog vi heilt vest på øya til ein liten by som heiter Sigri  :flower: Denne byen er verkeleg liten. Det er eit lite torg rett ved der bussen stoppar. Så er det ei eller to gater med hus attmed.Ingen souvunirbutikkar eller bilar, kun bakar og ein liten matbutikk. Det tek berre eit par minutt å gå gjennom bygata, så kjem ein til den vesle stranda som ligg i ei utruleg vakker, langstrakt bukt. Her er det svært langgrunnt men dog så fredeleg og vakkert. Denne plassen har lite turistar, nokre engelskmenn møtte vi. Vi fekk oss ei leilegheit med balkong med havutsikt like over stranda hjå triveleg vertskap. Det ligg ein forfallen festning rett ved byen. For den som ynskjer ro i sjela, er nok Sigri ein perfekt plass. Eg likte meg godt der og vil nok dra attende dit neste gong eg dreg til Lesbos. Frå Sigri kunne vi gå ein grusveg langs kysten til meir øde strender, der du kunne vere heilt for deg sjølv. Sigri vart etter nokre dagar litt roleg, og vi fekk lyst å dra attende til Scala Erossos og tilbringe resten av ferien vår der. Det gjorde vi. Vi fekk oss ein ny plass og bu. Det er ikkje nokon billeg plass, men vi syntes den var verdt litt ekstra i buutgifter. Kan berre nemne at dei har den mest spesielle kinoen eg har sett nokon gong der. Det er ein bitteliten utandørs kino med vegger rundt og blå dør inn. Det er stolar av enkel kvalitet og heilt spesiell stemning.  :drunken: moro !!  Neste gong eg dreg til Lesbos, har eg lyst å utforske Plomariområdet, samt dra attende til Sigri og Scala Erossos.
6
Dodekanesene / Tur til Symi i juni 2009
19. Jan 09, 13:06:19
No gledar eg meg svært til ferie på Symi i sommar. Skal bu i Harani området. Nokon som kjenner det ? :bounce:  :flower:
7
Hallo!

Ser ut til at det kan bli jentetur til Symi neste mai/ juni. Er interessert i andre sine erfaringar med privat overnatting, rimelige rom. Dersom nokon har adresser å formidle er det kjempefint.
8
Hellas generelt / Re: Sykling på Lesbos
29. May 08, 21:06:30
Oops! Såg at det var i Plomari du skal bu.  :drunken: Der har vi ikkje vore, men ut frå det eg hugsar frå kartet, vil du nok måtte sykle ein del bakkar der også. Du kjem til å like Lesbos. Det er ei stor øy med mange flotte plassar.
God tur!!
9
Hellas generelt / Re: Sykling på Lesbos
29. May 08, 21:00:36
Mannen min sykla på Lesbos i 2003. Han er i god form og er ein erfaren syklist. Han seier at det er flotte forhold for sykling på Lesbos. Bakkar? Ja! Mykje trafikk? Nei. Han sykla ein tur på 20 mil ein dag frå Scala Erossos til eit av dei høgaste fjella, hugsar ikkje navnet. Passerte mange idylliske fjell-landsbyar. NB turen vart noko forlenga p.g.a. unøyaktige kart. Han hadde stor glede av turen og snakkar ofte om den. Ein bør vere i bra form for å sykle lange turar, men det virkar det som du er.  :flower: Så lykke til, kos deg på sykkelsetet. Det er veldig koseleg der du skal bu, der var vi også nokre dagar. fredeleg plass. Mannen min sykla frå Scala Kalloni til Scala Erossos. Lang, lang bakke opp på fjellet ca. 1/2 time. Deretter fjell-landskap, småkupert. Nokre små fjell-landsbyar. Lang unnabakke til Scala Erossos. Der er det ei nydeleg strand. Kjempefin plass. Vi budde der ei veke. Du har mykje å glede deg til!!!
10
:bounce:  :bounce:  :bounce: Tusen takk for hyggelege tilbakemeldingar. Synest dette forumet er kjempeflott. Artig å fortelje om turar ein har vore på, for ikkje å snakke om å lese andre sine reiseskildringar. Får vite mykje som eg alltid lurer på når eg les i bøkene mine om øyane. Har rigga meg til i stova med PC-en. Skal snart skrive om 2 turar til, ein til Lesbos og ein til Kreta. Gjenopplever feriane ved å skrive om dei. Skal diverre ikkje til dei greske øyar i år, men neste år drøymer eg om f.eks. Symi.    :flower:  :bounce:  :bounce:  :bounce:  :colors:  :clown:


Helsing sandalar
11
Reiseskildringer / Karpathos 2 veker 2002
28. May 08, 18:12:32
Så var det endeleg tid for ny ferie til ei gresk øy. Vi hadde vel kanskje, før vi drog, tankar om også å dra til fleire øyar under opphaldet, men det vart det ikkje noko av. Vi likte oss så godt på denne øya, at vi ikkje hadde lyst å dra derifrå. Mannen min hadde vore der før, lenge før vi vart kjende med kvarandre. Han hadde ofte fortalt om øya og ein fantastisk fottur over fleire dagar. Han hadde gått heilt åleine frå Karpatos by til Olympos. Dei av dykk som har vore der, veit at det er ein imponerande lang fottur.
Vi var som vanleg slitne då vi hadde teke drosje frå flyplassen til Karpathos by eller også kalla Pigadia. Vi rusla langs havna bort til badestranda like bortanfor. Der slengte vi frå oss sekkene og heiv oss ut i havet. Å kor herleg forfriskande! Etter litt kviletid på stranda gjekk mannen min avgårde for å sjå etter rom til oss. Vi enda opp i eit koseleg hus i sentrum hjå familien Konaki. Her var det ei eldre svartkledd dame som var sjefen. Kjempesnill og hyggeleg, men kunne svært så lite engelsk. Det var fleire rom til leige i dette store huset. Vi gjekk inn i stova deira før vi kom til romma våre. Dei hadde sjølv sitt eige soverom like ved oss. Mannen i huset var gamal og trøytt. Han sat så fint påkledd kvar dag og smilte og helste kvar gong vi gjekk forbi. Han var berrføtt i sandalar og sat alltid med flugedreparen i handa. Han forstod ingenting engelsk. Men kona var energisk og prata i veg på gresk, som om vi forstod kvart eit ord. Vi fekk 2 rom der til billeg pris og vart verande der i 2 heile veker. Det var morsomt av og til når vi kom inn midt på dagen, etter å ha vore på stranda, så sat mannen ofte og sov rett framfor skapet med nøklane til romma våre. Då var det å strekke seg over han og hente nøkkelen. Vakne gjorde han ikkje, men på vakt sette han seg, sjarmerande gubbe!!
Karpatos sentrum er ikkje så stort. På dagtid var det forholdsvis roleg i gatene. Det var det også på kveldane, men då var heile havna fylt med mennesker på den lange rekka av barar og tavernaer.
Vi heldt oss for det meste på stranda nærast byen. Den er nær sentrum og lett tilgjengeleg. OK strand og fin stemning. Her var det ein liten snack-bar som var fin å søke skygge ved, når dagane vart svært varme i sanden. Mannen min traff ein anna sporty vestlending, og saman sykla dei heilt til Olympos og attende ein dag. Spreke karar, humpete, dårleg grusveg for det meste.
Eg leigde også sykkel og sykla åleine til ein liten by høgt over Karpathos by. Har gløymt kva den heiter, men du kan sjå den frå havna meiner eg å hugse. Eg utstyrte meg med rikeleg drikke og sykla meg opp til byen. Ein grekar syntes synd i meg og ville absolutt ta både meg og sykkelen med på lasteplanet sitt. Men nei, eg smilte fint og sa at eg hadde det heilt supert!  Byen var liten med ein labyrint av trange gater. Snakk om stille stad. Eg var den einaste turisten der akkurat då, og fleire av innbyggarane helste og lurte på kor eg kom frå. Heimturen var lett, mest nedoverbakke. Men så skjedde det altså, solstikk!! Eg kjende brått at eg vart svimmel og skjelven. Vart kaldsvett og forstod kva som var i ferd med å skje. Heldig for meg var det ein bensinstasjon rett framfor meg, og eg klarte å sykle dit. Der sjangla eg inn og kjøpte meg 2 flasker cola. Skalv så på hendene at mannen bak disken forstod at eg var dårleg. Der sat eg forkommen på ein krakk og følte meg iskald medan svetten pipla i strie strømmer. Til og med på oversida av hendene kom det ut store svettedråpar!! Sjeldan har eg følt meg så glad over å vere på ein bensinstasjon med småbekymra bilmekanikarar puslande rundt meg. Etter ein time var eg så pass at eg klarte å sykle resten av stykket tilbake til våre kjære Konakivertar. Lærte ei lekse, drikk mykje meir enn du orkar viss du skal drive med fysisk aktivitet midt på dagen, midt på sommaren på ei gresk øy!!  He.he lærer så lenge ein lever. Turen var fin den!!
Vi leigde bil og tok med dei 2 jentene våre til Olympos. Flott tur, men for ein dårleg veg. Lurer på om vegen er blitt betre sidan vi var der????  Dei fleste dreg til Olympos sjøvegen, men det er eit flott landskap du får sjå dersom du tek turen på land. Mange idylliske bukter med sandstrender såg vi ned på, der vegen slynga seg høgt oppe i fjellsidene. Olympos er ein fin, gamal gresk by med smale gater som snor seg mellom husa. Den ligg høgt oppe på fjellet med utsikt ned mot havet. Her held dei fast på gamle tradisjonar, og kvinnene går kledt i tradisjonelle drakter. Kvite eller svarte kjolar med blomstrete forklær og skaut. For å være ærleg syntes eg desse smilande kvinnene var litt for innpåslitne med å skulle selje handarbeidsprodukter til oss. Før vi visste ordet av det hadde dei surra skaut på jentene våre og ville at vi skulle kjøpe. Men ok det var artig å oppleve byen. Vi åt ein nydeleg lunsj med rikeleg gresk mat på ei sjarmerande taverna, der matlaginga føregjekk delvis utandørs. På tilbaketuren køyrte vi innom byen Lefkos som ligg på vestsida av øya. Ein roleg ferieplass med nydelege kvite strender. Ikkje gresk nok atmosfære for meg. Slik det såg ut var det nesten berre turistar der og lite lokalbefolkning. Ikkje noko skikkeleg sentrum. Men det er jo ein smaksak.
Karpatos er ei øy eg gjerne dreg tilbake til kor tid som helst. Kan ikkje heilt beskrive kvifor eg likte meg så godt det, men det var noko. Ein del av det var heilt sikkert Konaki.
12
Sommaren 2000 hadde vi 3 fantastisk fine veker med øyhopping i Kykladene. Mannen min, eg og dei to jentene våre 11 og 12 år, la i veg på eventyret med flybillett tur/retur Santorini. Som den Hellasentusiast eg er, hadde eg mange tankar og idear om kva øyar vi skulle besøke. Men det som er fint med øyhopping er at planane nødvendigvis ikkje treng fylgjast. Vi tok ein dag om gongen og la kursen etter kvart, kjempekjekt. For jentene var det eit stort eventyr å dra kun med sekk på ryggen.Vi hadde med to små telt, og vi var innstilt på å teste dei greske campingplassane. Då vi landa i Santorini, var vi sjølvsagt slitne etter turen. Vi tok difor imot tilbod om overnatting på \"private room\" hjå ein fyr som venta blant mange andre på flyplassen. Han tok oss med til Perissa, der det er ei svart lavasandstrand. Vi budde svært ok med triveleg vertskap og fint svømmebasseng. Etter nokre dagar der vi roa ned og kom i rette stemninga, pakka vi sekkene våre og sette kursen mot campingplassen i  hovudstaden Fira, den dramatiske kvite byen på klippekanten. Dette var eit eventyr for oss alle. Fleire prospektkortmotiv enn ein finn her, skal ein leite lenge etter. Eg var spesielt fasinert av det faktum at dette er ei vulkansk øy med svært dramatisk historie. Det vil før eller sidan komme nye store vulkanutbrudd her, noko som gjer det til ein spanande plass å oppleve. Gatene i byen er smale og kvitkalka, og det er eit yrande folkeliv over alt. Kjempefin stemning i kveldinga å sitje på ein av restaurantane som klorer seg fast høgt oppe over havet. Fantastisk utsyn ned på havet og turistbåtar som passerer. Jentene måtte sjølvsagt få ri esel frå den vesle havna og opp alle svingane til byen. Eg spaserte både ned og opp, og syntes synd i dei stakkars esela som vart piska opp og ned gong etter gong med begeistra turistar på dei slitne ryggane sine!! Det går også ei taubane frå botnen og opp som ein kan ta. Vi var ein tur til den vesle byen Oia, som skal ha ein av dei vakraste solnedgongane du har sett. Ikkje heilt sant det då, men stemningsfullt å sitje på hustaka saman med andre skuelystne. Her var det utruleg mange spesielle hus å sjå som små fargerike grotter i fjellsida. Tenk å kunne eige eit hus ein slik plass  :flower:  Har knapt teke så mange fotografi som akkurat her i Oia. Roleg og fin stemning. Campingplassen i Fira ligg akkurat i utkanten av byen, men ikkje meir enn nokre minuttar spasertur frå sentrum. Dette var ein rein og fin camping med svært bra sanitærforhold. Det var bygd bambusoverbygg for å skjerme telta frå sola. Badebasseng og bar. Mest ungdommar her, men også familiar som oss. Vi var vel omtrent ei veke på Santorini før vi sette kursen mot neste øy, Anafi.
Anafi er ei lita øy ca 1 1/2 t. båtreise frå Santorino. Det går ikkje båtar der kvar dag, og ein kan risikere at båtar vert innstilt p.g.a. vind. Vi valde difor å dra dit med god tidsmargin til heimreisa. Anafi var fantastisk. Då vi var der, var det lov å slå opp telt på stranda som ligg rett over ein knaus frå den bittevesle havna. Klissidistranda er ei vakker sandstrand som ligg i ei lun bukt. Kjempefin badestrand med finkorna sand. Her slo vi opp telta våre og vart ein del av eit lite samfunn der på stranda. Sidan vi var der i august var det mange grekarar der og fin stemning. Her var ingen støyande discomusikk, men glade mennesker i alle årgangar. Opphaldet og stemninga frå denne stranda er noko av det beste vi har opplevd i Hellas. Det var to tavernaer rett over stranda, der vi kunne slappe av i skyggen og kose oss med gode måltider om kveldane. Her vart vi kjende med vertskapa, og det var skikkeleg koseleg å få velje retten ein ville ha mellom mødre og bestemødre  på kjøkkenet deira. \"We have fiss (fish) today mama, come have a look!!\" Artig!
Det er ein by på Anafi og den ligg høgt oppe frå hava og heiter Chora. Her var det ein buss som køyrte opp og ned kvar time. Det gjekk også eit eseltrakk opp til byen. Vi hadde lyst til å gå opp, men jentene ville prøve bussen. Vi sette dei difor på bussen, med beskjed om at dei måtte vente på oss der bussen stoppa oppe i byen. Det tok oss vel ca 20min. å gå den bratte vegen opp. Då vi kom opp fann vi bussplassen men ingen jenter! Vi vart litt engstelege for vi kunne ikkje forstå kor dei kunne ha blitt av. Før panikken tok oss, såg vi at det var samla fleire folk borte i gata. Der var jentene våre omkransa av omsorgsfulle grekarar, som ikkje kunne forstå at to jenter var satt på bussen åleine opp til byen! Vi vart høfleg forklart at slikt måtte ein ikkje gjere mot barn. Vi følte oss faktisk som litt dårlege foreldre. Det som var skjedd var at jentene ikkje hadde gått av bussen då den var oppe i byen. Dette fordi dei var usikre på om det var endeplassen dei var komen til. Dei sat difor framleis på, då bussen køyrde ned igjen til havna. Buss-sjåføren forstod situasjonen og køyrte dei straks opp igjen til byen. Jentene hadde vore litt bekymra, men dei visste at vi ville komme. Grekarane er kjende for å vere svært glade i barn, det fekk vi oppleve.
Chora er ein liten koseleg by på toppen av fjellet med fantastisk utsikt ned på havet. 2 tavernaer kunne vi velje mellom med fantastisk utsikt. Etter vel ei veke på fredlege Anafi drog vi til neste øy Naxos.
Naxos er ei stor øy som ein helst bør ha bil for å utforske. Vi budde på Plaka camping, ein knapp halvtimes busstur frå havnebyen Naxos by. Dette var også ein reinsleg camping. Roleg atmosfære og alt tilrettelagt med eigen taverna osb. Det budde mange surfarar der, sidan Naxos er populær i det miljøet. Det bles ein del på Naxos og kombinasjonen vind og sand var ikkje alltid like god. Vi gjekk ein del turar i området bak campingen og fann m.a. eit heilt spesielt steinhus som var bygd inn i nokre berg og kjempesteinar. Det var roleg bondeland rundt med små gardar og massevis av solsikker. Eg elskar solsikker  :flower:  :flower:  :flower: Naxos by er svært fin. Gamlebyen har ein labyrint av gater der blomster og små koselege tavernaer dukkar opp i dei mest bortgøymde smug. Sjølvsagt måtte vi også ta bilder av kvarandre i solnedgongen ved den store steinporten som dominerer området i havna. Vakkert lys!! Ein dag leigde vi åpen jeep og køyrde rundt nesten heile øya. Det kan verkeleg anbefalst på det varmaste. Beste måten å få inntrykk av ei slik stor øy og alle dei perlene den har å by på. I byen Apollon nordøst på Naxos såg vi den kjempestore, uferdige marmorfiguren (600 f.Kr.) av guden Apollon. Den ligg i ei åsside og er 10,5 m. lang og veg 30 tonn. Imponerande. Den vesle fiskebyen Apollon er ein triveleg liten by som yrte av turistar. Kan verkeleg anbefale ein biltur rundt øya, den er storslagen og vakker, massevis av uberørte stader.
Etter 3 veker på denne fantastiske ferien vår, måtte vi setje kurs for Santorino igjen og fly attende til Norge.
Som minne frå denne ferien har vi 6 små kaffekoppar til å servere gresk kaffe i. Vi kjøpte 2 på kvar øy. Dei er søte og fine. Vi kjøpte også med oss gresk kaffe og eit lite kar som grekarane brukar til å koke kaffeen sin i.
På laurdagskveldane her heime lagar vi oss ofte gresk kaffe til dessert etter ein god middag. Då drikk vi den frå dei greske koppane våre. Det smakar nydeleg som kaffe med sjokolade. Vil anbefale alle glade øyhopparar å kjøpe med gresk kaffe heim. Her er oppskrifta til 2 små koppar gresk kaffe:

vatn til 2 små koppar
4 ts.kaffe og 4 ts. sukker i

Lat det stå på plata til det når kokepunkter. Må ikkje koke.
Rør i den og lat den kvile ca to minutt
Serverast og nytast  :flower:  :flower: