Hellasforum.no

Steder i Hellas => Sporadene og Evia => Topic started by: Kalimera on 02. Jun 10, 14:16:05

Title: Evia
Post by: Kalimera on 02. Jun 10, 14:16:05
Da har EVIA kommet på plass. Takk Ole!

Jeg skulle gjerne høre om noen har vært på Evia, steder som er verd å besøke og hva å se.

Det er så lite her på forumet om denne nest største øya i Hellas. Mange Athenere sverger til akkurat Evia.
Title: Evia
Post by: Almirapotamos on 02. Feb 11, 14:04:55
Eg tilbringte 1 veke i Chalkida mai 2010.. På jakt etter eit anna inntrykk av Hellas, enn det ein kanskje får i dei populære turistmagnetane.
Eg var der i eit spesiellt ærend,ein slags studietur knytta til mitt yrke. Såmesteparten av tida vart knytta til dette.Men eg fekk meg nokre småturar som var fine!
Eg har vore svært nyskgjerrig påkorleis det Greske samfunnet utartar seg på ulike stader. Om det er ulike premissar på ulike stader.
Eg har vore på leit etter levande samfunn,og å treffe på menneske som kunne gjere meg litt meir opplyst om det Greske samfunnet.
Derfor har eg tenkt at ein må unngå dei store turiststadene,nettopp fordi mi erfaring med desse,er at menneskane der som lever av turismen,er ofte slitne av å by på seg sjølv.Forståeleg nok.
Så, Chalkida er ikkje turistfri,heller. Men som du seier,byen er vertskap for mange Grekarar,som enten har feriehus her,eller leiger hotellrom.
Byen har absolutt ein sjarm,og her er nok av fasilitetar! Og her finnast strandhotell innan nokre mils rekkevidde,så det er mogeleg for barnefamiliar å besøke byen også.
Eg sit att med ei kjensle av at den Greske landsbygda er sterkt avfolka, som ellers i mange Europeiske land. Men dei fleste plassar ser ut til å bære preg av godt vedlikehald.Mange Grekarar har fortsatt sterke band til bygdene der dei vaks opp, eller der familien kjem frå. Og man har sine feriehus der.
Eg kan desverre ikkje fortelle så mykje om kva som finnast av sjåverdighete og attraksjonar i området. Men eg veit at det finnast flust av både vakre strender og fortidsminner der,som mange andre stader. Eg tok bussen frå Chalkida og sørover til ei lita bygd som heiter Almirapotamos.Bussbytte og ein times opphald i Aliveri. Liten tettstad med masse sjarm.Bilete på nettet frå Alveri viser bla stygg industri.Men mitt inntrykk av gatene der,var trivelege!
Fantastisk natur på heile sørlege Evia! Og endeleg fekk eg sjå to av mine etterlengta ønske; gamal dame på esel,og gjetar med saueflokk!!!

Trur ikkje Evia er så spesiellt i forhold til andre stader i Hellas. Veldig magisk er vel ikkje verken byar eller land i Hellas.Men lune,atmosfæriske stader, der du kan møte på veldig vennlege og varme menneske! Det er grunnen for at eg ønsker meg tilbake til Hellas endå ein gong.
Og eg kan anbefale Evia, fordi ein her kan få alt, både byfasilitetar og ein smak av natur og landsbygda,i den stand den framstår i eit Europeisk land i 2011..