Logg inn med Facebook eller Google!

Tur til Mykonos 1982

Started by sandalar, 21. May 08, 17:23:56

Previous topic - Next topic

sandalar

1982 drog eg og to venner til Mykonos og var der i 3 veker! Herleg! Vi tok fly til Athen og båt frå Pireus til Mykonos. Då vi kom i land på kaia, var det mange romutleigarar der, og vi vart kapra av ein hyggeleg fyr, Makis. Han køyrde oss i 3-hjulingen sin til Pension Makis, der han også dreiv sin eigen restaurant. Dette var like i nærheiten av St. Stefanos beach. Litt utanfor sentrum. Her fekk vi eit lyst og triveleg rom for 3, med eige bad og balkong. Det var billeg og vi bestemte oss for at her ville vi bu heile ferien. For det meste bada vi ved St.Stefanos-stranda, men vi var også ein tur til nudiststranda Paradise. Vi leigde mopedar og tok oss rundt det meste av øya. Den gongen var det skikkeleg landsbygd og spredt bebyggelse med ein gong ein kom ut av havnebyen. Eg kan hugse ein sjarmerande liten plass som heitte Ano Mera, der det også var eit kloster og nokre få tavernaer. Det som gjorde aller mest inntrykk på meg den gongen, var atmosfæren og livet i havnebyen på kveldstid. Eg veit ikkje korleis det er på Mykonos no, men den gongen var det samlingsplass for homoseksuelle, transverstittar og folk som likte å vise seg fram frå si mest ekstreme side. Den gongen var eg 22 år og hadde aldri sett så mykje rart i mitt liv. Sjølvsagt ein artig opplevelse!! Her var det rom og toleranse for alle typar folk. På dagtid var havnebyen ein koseleg liten labyrint av kvitkalka hus og gater med blomster og butikkar på rekke og rad. Mykonos sit igjen som eit fint og spanande minne. Hadde vore artig å reist tilbake dit no for å sjå korleis øya har utvikla seg.

Siste innlegg i forumet

Artikkel om buegangene i Ano Syros
by marjana | 24. Apr 24, 16:02:28
Her er en grundig artikkel om historien rundt alle...
Re: Hvor er dette? 1032
by Diddi | 22. Apr 24, 21:46:13
Ja, minner om de mektige fjella deromkring. ...
Re: Vårtur - 2018 - Kardamili
by Kabi | 22. Apr 24, 19:01:52
Så koselig å se deg her igjen, Katherina :) Da b...
Amorgos blir neste
by Diddi | 14. Apr 24, 11:44:17
Ja, neste reise for oss blir på juvelen Amorgos i...
Re: Bildeserie fra Kithnos
by Diddi | 14. Apr 24, 11:22:45
☀️...
Re: Foto fra Kea
by Diddi | 14. Apr 24, 11:01:11
:) ...
Re: Kea og Kythnos
by marjana | 11. Apr 24, 00:34:01
Fergene fra Lavrio har en rute tur/retur bare Lavr...
Re: Nye branner
by Kabi | 09. Apr 24, 09:52:33
Kreta er også rammet av branner,mennesker alvorli...
GRATULERER med dagen !
by Kabi | 25. Mar 24, 12:58:44
Gratulerer med dagen, Hellas !https://www.ekathime...
Re: Artikkel om alle trappene og buegangene i Ano Syros
by marjana | 17. Mar 24, 16:11:38
Ja, jeg har lagt ut mange bilder av hus og buegang...
Re: Hvor skal vi dra i sommer?! Kan dere hjelpe oss?
by Kabi | 14. Mar 24, 11:46:42
Anbefaler varmt den romantiske byen Nafplio på Pe...
Flyttelass til Hellas
by Phillip Lian | 10. Mar 24, 11:52:28
Jeg prøver å bli klok på tollregler, men blir i...
Re: Kalo mina!
by Kabi | 01. Mar 24, 11:06:42
Kalo mina, mars 2024 !167.JPGUtsikt til Poros....
Re: Testing testing ena-thio-tria HER KAN DU TESTE DET DU VIL!
by kaka | 29. Feb 24, 12:43:55
Da prøver jeg igjenFant ikke utav av hva "Us...
Re: Kreta chania by hotel nær strand
by hakon57 | 17. Feb 24, 13:52:10
Hei, noen anbefalinger Hotel nær strand chania by...