17. Sep 21, 20:45:59

Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Topics - TOMS

1
Amorgos / Amorgos i November
18. Aug 18, 11:55:47
Så var biletter bestillt igjen - det blir "pilgrimstur" med gutta i November ;D Omsnakka lenge - men no vart steget tatt. Vi skal få med oss feiringa av klosteret Hozoviothissa 21.nov.  :) Nokon som har vært der på denne feiringa? Hadde fine 14 dagar i Katapola no i Juli også - gikk mykje turar - men ein del ruter som ikkje er prøvd ennå. Blir fint å gå med norsk sommertemperatur   :) Så blir det fint å komme over til vår ensomme strand i Glyfada bay igjen, ein times tid vandring frå Katapola/Xiliokaraditi. Der gjorde vi ein innsats i hele 30 minutter med å plukke søppel. Og kanskje vi kan få organisert henting av det som vart rydda. Og kanskje få rydda litt til. Vart bare eine delen, der det var finast å ligge, som vart renska. Fryktelig mykje plast på desse ensomme strendene. Men utfordrer alle til å ta med ein søppelsekk eller to frå hotellet du bur på, og plukke litt der du kjem. Reknar med det er mange her inne som gjer som oss - oppsøker, om det koster, dei mange ensomme strendene der vi ferdast. Tar ikkje alltid så mykje tid å gjere det litt trivelegare. Men skremmande å oppleve auken av plast også i sjøen. Ser det når ein snorklar - plastflak som ligg i overflata. Trist - håpar dette ikkje blir verre. Γεια σου
2
Transport / Priser på fly 2018
21. Aug 17, 12:00:31
Nokon som har erfaring med om SAS forandrer priser på ruter til feks Santorini eller Athen i løpet av høst og vinter?
3
Vi er ein kammeratgjeng som vurderer ein pilgrimstur til Amorgos i November. Ganske rimelig å fly - både til Athen og Santorini. Men er det nokon som har erfaring med båtruter i November - då spes frå Santorini? Går seajeten feks.
4
Mat og drikke / Meze
01. Jun 16, 23:58:31
Feirer 50 års dag med 36 gjester på amorgos i slutten av juli. Tenker meze på festen. Men kva retter bør den inneholde? Forrett? Småretter? Hovedrett?
5
Transport / Hurtigbåt frå Santorini
20. Sep 15, 20:32:19
Er det nokon som har tatt sea jeten frå Santorini direkte til Amorgos i år? Eller anna selskap? Er litt usikker på om det har gått slik båt i år. I fjor var den fin - gikk frå Thira kl. 0900 om morgonen. Men det ser ut som den ruta ikkje har gått i år. Og då er det litt spanande kva det vert til neste år :-)
6
Samos / Herlig veke i Pythagorion
05. Aug 15, 19:38:19
Så er det gått nokre dagar frå vi kom heim på sundag. Ei flott veke på Samos - og Pythtagorion. Tredje gong på Samos - første gong i Pythagorion. Ein sjarmerande og koseleg by med eit flott havneområde - der vi kosa oss med god mat kvar kveld. To tavernaer blei besøkt fleire gonger - fordi dei hadde god mat og service. Apollonia og Ambrosia. På Ambrosia må sjømatspagettien prøves. Fantastisk. 
På grunn av sein bestilling (onsdag før vi reiste lørdag) vart det litt bytting av hotell. Budde først nede på havna ei natt, på Doplphin. Eldste hotellet i byen kunne ei norsk dame fortelle oss. Så flytta vi litt lenger opp i byen til Zorbas. Der fikk vi 3 netter. Eit hotell vi anbefaler på det varmaste. Eigarane var eit eldre ektepar med to unge døtre. Koselege rom med kjøkken. Vårt var lite - men kjøkkenet var praktisk plassert på verandaen.  :) Siste 3 netter var litt lenger bort i gata til Samaina. Også eit koseleg hotell, men ikkje kjøkken på romma.
Tok livet med ro - men hadde ein utfluktsdag med bil til Manolates - og Nattergaldalen. Eit must begge deler om ein er på Samos. Vatnet rann i ein frodig dal. Måtte jo prøve badetemperaturen i ein kulp. Herlig.
Leigde også syklar og tok vegen ut til Ireo. Fin sykkelsti langs stranda. Vi sykla gjennom Ireo og ut til Pappa beach. Anbefaler ein tur hit. Ei meget spesiell strand - med oppbygde terasser i skråning over stranda.
Var oppe på kyrkjegarden på grava til Inge. Bare eit norsk flagg indikerte kven som var begravd der. Blir vel litt meir ordna etter kvart. Fikk vite av keramikkseljaren like ved der Inge budde, at ein nevø var i byen den veka for å ordne opp i diverse saker. Inge er sakna her på forumet!!! Fred over hans minne!

Så er allerde neste tur - til neste sommer - under planlegging. Då vert det feiring av mine 50 år, i vårt kjære Katapola, Amorgos
7
Hellas generelt / Lefkas eller Chios
18. Jul 15, 13:28:04
Nå er eg lei kulde og regn. Trass både Kreta og Spania i vår - så er lengselen stor etter varme dagar og Hellas. Norwegian har brukbare priser til Lefkas neste laurdag. Nokon som har erfaring med øya og godt sted å bu?
Lilleput har også nokre plassar igjen til Chios. Har lest litt reiseskildringer der i fra - men lurer på korleis det er med uro rundt flyktninger på øya. Nokon som har peiling?
8
Litteratur / Når sypressenne hvisker
27. Jun 15, 18:33:21
Leser boka no. Hendelse frå Ereikoussa, ei lita øy utafor Korfu. Fantastisk beskrivelse av gresk, historie, levned og gresk mat. Anbefales.
9
Kunne tenke meg ein tur til ei koselig gresk øy i april. Må bli via Athen og ikkje for lang reis frå Athen. Då er Naxos/Anthiparos/Amorgos litt for langt. Nokon som har gode tips??
10
Transport / KOS - AMORGOS
18. Jan 13, 13:24:24
Ser at det er greie priser på fly til Kos med både Norwegian og Ryanair - men vi skal til Amorgos i sommer. Er det nokon som har erfaring med ferje frå Kos til Amorgos? Ser ut som det bare er 1 avgang pr uke. Noen som veit om kva dag? Eller kanskje det er andre måter enn direkte?