Hellasforum.no

Steder i Hellas => Det nordlige og østlige Egeerhavet => Samos => Topic started by: TOMS on 05. Aug 15, 19:38:19

Title: Herlig veke i Pythagorion
Post by: TOMS on 05. Aug 15, 19:38:19
Så er det gått nokre dagar frå vi kom heim på sundag. Ei flott veke på Samos - og Pythtagorion. Tredje gong på Samos - første gong i Pythagorion. Ein sjarmerande og koseleg by med eit flott havneområde - der vi kosa oss med god mat kvar kveld. To tavernaer blei besøkt fleire gonger - fordi dei hadde god mat og service. Apollonia og Ambrosia. På Ambrosia må sjømatspagettien prøves. Fantastisk. 
På grunn av sein bestilling (onsdag før vi reiste lørdag) vart det litt bytting av hotell. Budde først nede på havna ei natt, på Doplphin. Eldste hotellet i byen kunne ei norsk dame fortelle oss. Så flytta vi litt lenger opp i byen til Zorbas. Der fikk vi 3 netter. Eit hotell vi anbefaler på det varmaste. Eigarane var eit eldre ektepar med to unge døtre. Koselege rom med kjøkken. Vårt var lite - men kjøkkenet var praktisk plassert på verandaen.  :) Siste 3 netter var litt lenger bort i gata til Samaina. Også eit koseleg hotell, men ikkje kjøkken på romma.
Tok livet med ro - men hadde ein utfluktsdag med bil til Manolates - og Nattergaldalen. Eit must begge deler om ein er på Samos. Vatnet rann i ein frodig dal. Måtte jo prøve badetemperaturen i ein kulp. Herlig.
Leigde også syklar og tok vegen ut til Ireo. Fin sykkelsti langs stranda. Vi sykla gjennom Ireo og ut til Pappa beach. Anbefaler ein tur hit. Ei meget spesiell strand - med oppbygde terasser i skråning over stranda.
Var oppe på kyrkjegarden på grava til Inge. Bare eit norsk flagg indikerte kven som var begravd der. Blir vel litt meir ordna etter kvart. Fikk vite av keramikkseljaren like ved der Inge budde, at ein nevø var i byen den veka for å ordne opp i diverse saker. Inge er sakna her på forumet!!! Fred over hans minne!

Så er allerde neste tur - til neste sommer - under planlegging. Då vert det feiring av mine 50 år, i vårt kjære Katapola, Amorgos