Logg inn med Facebook eller Google!

Karpathos 2 veker 2002

Started by sandalar, 28. May 08, 18:12:32

Previous topic - Next topic

sandalar

Så var det endeleg tid for ny ferie til ei gresk øy. Vi hadde vel kanskje, før vi drog, tankar om også å dra til fleire øyar under opphaldet, men det vart det ikkje noko av. Vi likte oss så godt på denne øya, at vi ikkje hadde lyst å dra derifrå. Mannen min hadde vore der før, lenge før vi vart kjende med kvarandre. Han hadde ofte fortalt om øya og ein fantastisk fottur over fleire dagar. Han hadde gått heilt åleine frå Karpatos by til Olympos. Dei av dykk som har vore der, veit at det er ein imponerande lang fottur.
Vi var som vanleg slitne då vi hadde teke drosje frå flyplassen til Karpathos by eller også kalla Pigadia. Vi rusla langs havna bort til badestranda like bortanfor. Der slengte vi frå oss sekkene og heiv oss ut i havet. Å kor herleg forfriskande! Etter litt kviletid på stranda gjekk mannen min avgårde for å sjå etter rom til oss. Vi enda opp i eit koseleg hus i sentrum hjå familien Konaki. Her var det ei eldre svartkledd dame som var sjefen. Kjempesnill og hyggeleg, men kunne svært så lite engelsk. Det var fleire rom til leige i dette store huset. Vi gjekk inn i stova deira før vi kom til romma våre. Dei hadde sjølv sitt eige soverom like ved oss. Mannen i huset var gamal og trøytt. Han sat så fint påkledd kvar dag og smilte og helste kvar gong vi gjekk forbi. Han var berrføtt i sandalar og sat alltid med flugedreparen i handa. Han forstod ingenting engelsk. Men kona var energisk og prata i veg på gresk, som om vi forstod kvart eit ord. Vi fekk 2 rom der til billeg pris og vart verande der i 2 heile veker. Det var morsomt av og til når vi kom inn midt på dagen, etter å ha vore på stranda, så sat mannen ofte og sov rett framfor skapet med nøklane til romma våre. Då var det å strekke seg over han og hente nøkkelen. Vakne gjorde han ikkje, men på vakt sette han seg, sjarmerande gubbe!!
Karpatos sentrum er ikkje så stort. På dagtid var det forholdsvis roleg i gatene. Det var det også på kveldane, men då var heile havna fylt med mennesker på den lange rekka av barar og tavernaer.
Vi heldt oss for det meste på stranda nærast byen. Den er nær sentrum og lett tilgjengeleg. OK strand og fin stemning. Her var det ein liten snack-bar som var fin å søke skygge ved, når dagane vart svært varme i sanden. Mannen min traff ein anna sporty vestlending, og saman sykla dei heilt til Olympos og attende ein dag. Spreke karar, humpete, dårleg grusveg for det meste.
Eg leigde også sykkel og sykla åleine til ein liten by høgt over Karpathos by. Har gløymt kva den heiter, men du kan sjå den frå havna meiner eg å hugse. Eg utstyrte meg med rikeleg drikke og sykla meg opp til byen. Ein grekar syntes synd i meg og ville absolutt ta både meg og sykkelen med på lasteplanet sitt. Men nei, eg smilte fint og sa at eg hadde det heilt supert!  Byen var liten med ein labyrint av trange gater. Snakk om stille stad. Eg var den einaste turisten der akkurat då, og fleire av innbyggarane helste og lurte på kor eg kom frå. Heimturen var lett, mest nedoverbakke. Men så skjedde det altså, solstikk!! Eg kjende brått at eg vart svimmel og skjelven. Vart kaldsvett og forstod kva som var i ferd med å skje. Heldig for meg var det ein bensinstasjon rett framfor meg, og eg klarte å sykle dit. Der sjangla eg inn og kjøpte meg 2 flasker cola. Skalv så på hendene at mannen bak disken forstod at eg var dårleg. Der sat eg forkommen på ein krakk og følte meg iskald medan svetten pipla i strie strømmer. Til og med på oversida av hendene kom det ut store svettedråpar!! Sjeldan har eg følt meg så glad over å vere på ein bensinstasjon med småbekymra bilmekanikarar puslande rundt meg. Etter ein time var eg så pass at eg klarte å sykle resten av stykket tilbake til våre kjære Konakivertar. Lærte ei lekse, drikk mykje meir enn du orkar viss du skal drive med fysisk aktivitet midt på dagen, midt på sommaren på ei gresk øy!!  He.he lærer så lenge ein lever. Turen var fin den!!
Vi leigde bil og tok med dei 2 jentene våre til Olympos. Flott tur, men for ein dårleg veg. Lurer på om vegen er blitt betre sidan vi var der????  Dei fleste dreg til Olympos sjøvegen, men det er eit flott landskap du får sjå dersom du tek turen på land. Mange idylliske bukter med sandstrender såg vi ned på, der vegen slynga seg høgt oppe i fjellsidene. Olympos er ein fin, gamal gresk by med smale gater som snor seg mellom husa. Den ligg høgt oppe på fjellet med utsikt ned mot havet. Her held dei fast på gamle tradisjonar, og kvinnene går kledt i tradisjonelle drakter. Kvite eller svarte kjolar med blomstrete forklær og skaut. For å være ærleg syntes eg desse smilande kvinnene var litt for innpåslitne med å skulle selje handarbeidsprodukter til oss. Før vi visste ordet av det hadde dei surra skaut på jentene våre og ville at vi skulle kjøpe. Men ok det var artig å oppleve byen. Vi åt ein nydeleg lunsj med rikeleg gresk mat på ei sjarmerande taverna, der matlaginga føregjekk delvis utandørs. På tilbaketuren køyrte vi innom byen Lefkos som ligg på vestsida av øya. Ein roleg ferieplass med nydelege kvite strender. Ikkje gresk nok atmosfære for meg. Slik det såg ut var det nesten berre turistar der og lite lokalbefolkning. Ikkje noko skikkeleg sentrum. Men det er jo ein smaksak.
Karpatos er ei øy eg gjerne dreg tilbake til kor tid som helst. Kan ikkje heilt beskrive kvifor eg likte meg så godt det, men det var noko. Ein del av det var heilt sikkert Konaki.

Siste innlegg i forumet

Artikkel om buegangene i Ano Syros
by marjana | 24. Apr 24, 16:02:28
Her er en grundig artikkel om historien rundt alle...
Re: Hvor er dette? 1032
by Diddi | 22. Apr 24, 21:46:13
Ja, minner om de mektige fjella deromkring. ...
Re: Vårtur - 2018 - Kardamili
by Kabi | 22. Apr 24, 19:01:52
Så koselig å se deg her igjen, Katherina :) Da b...
Amorgos blir neste
by Diddi | 14. Apr 24, 11:44:17
Ja, neste reise for oss blir på juvelen Amorgos i...
Re: Bildeserie fra Kithnos
by Diddi | 14. Apr 24, 11:22:45
☀️...
Re: Foto fra Kea
by Diddi | 14. Apr 24, 11:01:11
:) ...
Re: Kea og Kythnos
by marjana | 11. Apr 24, 00:34:01
Fergene fra Lavrio har en rute tur/retur bare Lavr...
Re: Nye branner
by Kabi | 09. Apr 24, 09:52:33
Kreta er også rammet av branner,mennesker alvorli...
GRATULERER med dagen !
by Kabi | 25. Mar 24, 12:58:44
Gratulerer med dagen, Hellas !https://www.ekathime...
Re: Artikkel om alle trappene og buegangene i Ano Syros
by marjana | 17. Mar 24, 16:11:38
Ja, jeg har lagt ut mange bilder av hus og buegang...
Re: Hvor skal vi dra i sommer?! Kan dere hjelpe oss?
by Kabi | 14. Mar 24, 11:46:42
Anbefaler varmt den romantiske byen Nafplio på Pe...
Flyttelass til Hellas
by Phillip Lian | 10. Mar 24, 11:52:28
Jeg prøver å bli klok på tollregler, men blir i...
Re: Kalo mina!
by Kabi | 01. Mar 24, 11:06:42
Kalo mina, mars 2024 !167.JPGUtsikt til Poros....
Re: Testing testing ena-thio-tria HER KAN DU TESTE DET DU VIL!
by kaka | 29. Feb 24, 12:43:55
Da prøver jeg igjenFant ikke utav av hva "Us...
Re: Kreta chania by hotel nær strand
by hakon57 | 17. Feb 24, 13:52:10
Hei, noen anbefalinger Hotel nær strand chania by...