Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - MortenOSlash

1
Som Tilos-turist på fjerde året vil eg tilrå Tilos, sjølvsagt. Det er ein stille og roleg plass samanlikna med dei fleste øyar du kan reise til, og det er lett å komme i kontakt med folk. Me har alltid vore nedover i månadsskiftet mai/juni, så eg er redd eg ikkje kan seie noko om kor reelt fullt det er når ein kjem nærare neste månadsskifte.
2
Dodekanesene / Sv: Tilos mai/juni 2013
20. May 13, 21:03:08
Quote from: Tjorven on 15. May 13, 01:42:19
Vi teller ned til Hellas samtidig ser jeg, Morten. Håper du har bilder og vil dele turen(e) din med oss andre, siden du har vært der såpass mange ganger  :) God tur nedover  ;D 8) ;D

Takk!
Eg er redd eg er ein dårleg fotograf: Tek gjerne med kameraet rundt over alt, og gløymer å bruke det. Blir det likevel noko verd å dele, så gjer eg det.
3
Dodekanesene / Sv: Tilos mai/juni 2013
13. May 13, 14:11:44
Ti dagar!  ;D
4
Dodekanesene / Sv: Tilos mai/juni 2013
24. Jan 13, 20:18:25
Der fekk eg infoen per PM.

Skal ta med helsinga!
5
Dodekanesene / Sv: Tilos mai/juni 2013
22. Jan 13, 12:40:08
Quote from: fila on 22. Jan 13, 11:00:59
Hils Ioanni og Akri, dersom det fortsatt er de som driver Dream Island. God tur!. Misunnelig, hvem jeg , neida  ::)

Skal eg gjere. Kven kan eg helse frå?

Eg er ikkje sikker, men eg mistenkjer Akis har ein konto på Hellasforum og les litt via Google Translate, om ikkje ofte. Han er i alle høve aktiv på forumet til svenske Kalimera.nu, som har eit eige underforum for Tilos.

Her er foto av han på Tripadvisor:
http://no.tripadvisor.com/LocationPhotoDirectLink-g189448-d1158098-i31935692-Dream_Island-Tilos_Dodecanese.html
6
Dodekanesene / Tilos mai/juni 2013
15. Jan 13, 13:32:12
Då er depositumet for bestillinga til Tilos, på Dream Island i Livadia, 26. mai til 9. juni for frua og meg på plass. Det blir andre gong på Dream Island av fire turar til Tilos på fire år.
7
Dodekanesene / Sv: Tilos
14. May 12, 11:20:13
Då er det berre knappe 13 dagar til me set oss på flyet for to veker i Livadia! Andre som er der på same tida?
8
Dodekanesene / Sv: Tilos
18. Apr 12, 20:50:48
Quote from: ouzolina on 18. Apr 12, 15:09:29
Jeg var der fra 2.-16 oktober. I fjor var det dårligt vejr i en lille uges tid (midt i) - men det varierer jo fra år til år. På grund af det dårlige vejr lukkede flere tavernaer. Men Omonia, og Sofia's og et par stykker mere var åbne. Kaféer var også åbne, bl.a. Xroma som du kan se. Du kommer ikke til at sulte :-)


Eg er ikkje redd for å svelte når eg kjem til Livadia. Sesongen startar opp i slutten av mai, og me skal nedover siste weekend i mai, så det vil passe perfekt.

Eg er så glad for at Annie og Rob fekk tak i nye folk på χρώμα, for det var ein av favorittane å avslutte kvelden på då me var på Tilos for to år sidan, i tillegg til at Annie og Rob er så trivelige menneske. Me var lei oss då me kom i slutten av mai i fjor og det var stengt. Det var på χρώμα me òg traff mosaikk-kunstnaren Thanassis. Han er eit spennande menneske.
9
Dodekanesene / Sv: Tilos
17. Apr 12, 23:08:13
Quote from: Tjorven on 16. Apr 12, 22:27:07Hei MortenOSlash, og velkommen til forumet  :)

Takketakk! Det verkar hyggjeleg her.

Quote from: Tjorven on 16. Apr 12, 22:27:07Vet ikke om du har sett dem, men vil tipse deg om trådene til Ingrid og frudiddi, som også har masse flotte bilder fra Tilos. Du finner dem under emnet Reiseskildringer. Kos deg og lengt videre  ;D

Storkosar meg her, eg. Det går rett nok mest i å glede seg til turen no. Me dreg i pinsehelga.

Er det forresten nokon som kan stadfeste at Kafe Croma i Livadia rakk å opne att føre sommarsesongen var over i fjor? (I 2011, altså?) Dei var stengde då me var der i slutten av mai det året, for Annie og Rob (engelsk par) som dreiv det ville selje eller skaffe seg driftspartnar før dei opna att.
10
Du er heilt sikkert attende frå Rodos no, og kan hende du har vore både på Tilos og Symi. Det er få postingar om Tilos og Symi her, så det er få plassar for folk som er innom å sjå etter info. Difor tek eg sjansen på å poste litt om det her om temaet:

Eg har vore to gonger på to vekers tur til Tilos, og på den siste av turane hadde me overnattingstur til Symi. Symi var flott og med fine hus og bygningar, men eg reiser ikkje for å møte turistmaskiner. Det er rett nok framleis mykje genuint gresk bygdeliv på Symi, men det merkast at det både er ein time kortare frå Rodos til Symi enn til Tilos, og rundt fem gonger så mange fastbuande på Symi som det er på Tilos. På dagtid er det hordar av dagsturistar frå Rodos som kjem til Symi, og det er vesentleg meir støy på kveldane mange stader på Symi.

Tilos har få folk, både fastbuande og for så vidt turistar, og dertil mindre trafikk og støy. Er du i tillegg utanom høgsesong er det ikkje meir enn eit par dagar før du er på hels med mange av dei fastbuande og ein del av dei andre turistane. Det er òg såpass liten øy at om du leiger bil rekk du køyre rundt alle dei største vegane på øya eit par gonger på ein dag, og likevel ha tid til både ein sein start, god lunsj og er ferdig til middag på kvelden, sjølv med eit par stopp under vegs for å sjå deg rundt. (Berre pass på å få fylt bensin før kl 14, for då stengjer bensinstasjonen.) Er du derimot glad i gå tur har du fleire besøk på Tilos før du har nådd det viktigaste. (Ikkje at eg er av vandrartypen, men eg kan nyte ein kort fottur i blant.)

Eg og min betre halvdel skal attende til Tilos for to veker no i slutten av mai, for tredje år på rad. Det blir neppe den siste gongen, det heller.
11
Dodekanesene / Sv: Tilos
16. Apr 12, 21:41:02
Det her emnet var rett nok nokre år gamalt, men sidan det er så lite om Tilos, og ingen eiga underforum for Tilos, tek eg sjansen: Eg lengtar ikkje mindre attende til Tilos etter å ha sett bileta. Det blir tredje året på rad eg og min betre halvdel reiser dit, og på same tida kvart år. (Slutten av mai.) Gledar meg vilt til Choriatiki, steikte auberginer og Mythos på Omonia taverna!