Som Tilos-turist på fjerde året vil eg tilrå Tilos, sjølvsagt. Det er ein stille og roleg plass samanlikna med dei fleste øyar du kan reise til, og det er lett å komme i kontakt med folk. Me har alltid vore nedover i månadsskiftet mai/juni, så eg er redd eg ikkje kan seie noko om kor reelt fullt det er når ein kjem nærare neste månadsskifte.