Hellasforum.no

Steder i Hellas => Kykladene => Amorgos => Topic started by: TOMS on 18. Aug 18, 11:55:47

Title: Amorgos i November
Post by: TOMS on 18. Aug 18, 11:55:47
Så var biletter bestillt igjen - det blir "pilgrimstur" med gutta i November ;D Omsnakka lenge - men no vart steget tatt. Vi skal få med oss feiringa av klosteret Hozoviothissa 21.nov.  :) Nokon som har vært der på denne feiringa? Hadde fine 14 dagar i Katapola no i Juli også - gikk mykje turar - men ein del ruter som ikkje er prøvd ennå. Blir fint å gå med norsk sommertemperatur   :) Så blir det fint å komme over til vår ensomme strand i Glyfada bay igjen, ein times tid vandring frå Katapola/Xiliokaraditi. Der gjorde vi ein innsats i hele 30 minutter med å plukke søppel. Og kanskje vi kan få organisert henting av det som vart rydda. Og kanskje få rydda litt til. Vart bare eine delen, der det var finast å ligge, som vart renska. Fryktelig mykje plast på desse ensomme strendene. Men utfordrer alle til å ta med ein søppelsekk eller to frå hotellet du bur på, og plukke litt der du kjem. Reknar med det er mange her inne som gjer som oss - oppsøker, om det koster, dei mange ensomme strendene der vi ferdast. Tar ikkje alltid så mykje tid å gjere det litt trivelegare. Men skremmande å oppleve auken av plast også i sjøen. Ser det når ein snorklar - plastflak som ligg i overflata. Trist - håpar dette ikkje blir verre. Γεια σου
Title: Sv: Amorgos i November
Post by: vandrer on 18. Aug 18, 18:26:20
For ei flott strand Glyfada Bay er!
Varm om hjertet av plastoppryddinga deres❤️
Ønsker dere en flott pilgrimstur i november.