Logg inn med Facebook eller Google!

3 veker øyhopping i Kykladene 2000. Santorini, Anafi, Naxos

Started by sandalar, 26. May 08, 14:35:48

Previous topic - Next topic

sandalar

Sommaren 2000 hadde vi 3 fantastisk fine veker med øyhopping i Kykladene. Mannen min, eg og dei to jentene våre 11 og 12 år, la i veg på eventyret med flybillett tur/retur Santorini. Som den Hellasentusiast eg er, hadde eg mange tankar og idear om kva øyar vi skulle besøke. Men det som er fint med øyhopping er at planane nødvendigvis ikkje treng fylgjast. Vi tok ein dag om gongen og la kursen etter kvart, kjempekjekt. For jentene var det eit stort eventyr å dra kun med sekk på ryggen.Vi hadde med to små telt, og vi var innstilt på å teste dei greske campingplassane. Då vi landa i Santorini, var vi sjølvsagt slitne etter turen. Vi tok difor imot tilbod om overnatting på \"private room\" hjå ein fyr som venta blant mange andre på flyplassen. Han tok oss med til Perissa, der det er ei svart lavasandstrand. Vi budde svært ok med triveleg vertskap og fint svømmebasseng. Etter nokre dagar der vi roa ned og kom i rette stemninga, pakka vi sekkene våre og sette kursen mot campingplassen i  hovudstaden Fira, den dramatiske kvite byen på klippekanten. Dette var eit eventyr for oss alle. Fleire prospektkortmotiv enn ein finn her, skal ein leite lenge etter. Eg var spesielt fasinert av det faktum at dette er ei vulkansk øy med svært dramatisk historie. Det vil før eller sidan komme nye store vulkanutbrudd her, noko som gjer det til ein spanande plass å oppleve. Gatene i byen er smale og kvitkalka, og det er eit yrande folkeliv over alt. Kjempefin stemning i kveldinga å sitje på ein av restaurantane som klorer seg fast høgt oppe over havet. Fantastisk utsyn ned på havet og turistbåtar som passerer. Jentene måtte sjølvsagt få ri esel frå den vesle havna og opp alle svingane til byen. Eg spaserte både ned og opp, og syntes synd i dei stakkars esela som vart piska opp og ned gong etter gong med begeistra turistar på dei slitne ryggane sine!! Det går også ei taubane frå botnen og opp som ein kan ta. Vi var ein tur til den vesle byen Oia, som skal ha ein av dei vakraste solnedgongane du har sett. Ikkje heilt sant det då, men stemningsfullt å sitje på hustaka saman med andre skuelystne. Her var det utruleg mange spesielle hus å sjå som små fargerike grotter i fjellsida. Tenk å kunne eige eit hus ein slik plass  :flower:  Har knapt teke så mange fotografi som akkurat her i Oia. Roleg og fin stemning. Campingplassen i Fira ligg akkurat i utkanten av byen, men ikkje meir enn nokre minuttar spasertur frå sentrum. Dette var ein rein og fin camping med svært bra sanitærforhold. Det var bygd bambusoverbygg for å skjerme telta frå sola. Badebasseng og bar. Mest ungdommar her, men også familiar som oss. Vi var vel omtrent ei veke på Santorini før vi sette kursen mot neste øy, Anafi.
Anafi er ei lita øy ca 1 1/2 t. båtreise frå Santorino. Det går ikkje båtar der kvar dag, og ein kan risikere at båtar vert innstilt p.g.a. vind. Vi valde difor å dra dit med god tidsmargin til heimreisa. Anafi var fantastisk. Då vi var der, var det lov å slå opp telt på stranda som ligg rett over ein knaus frå den bittevesle havna. Klissidistranda er ei vakker sandstrand som ligg i ei lun bukt. Kjempefin badestrand med finkorna sand. Her slo vi opp telta våre og vart ein del av eit lite samfunn der på stranda. Sidan vi var der i august var det mange grekarar der og fin stemning. Her var ingen støyande discomusikk, men glade mennesker i alle årgangar. Opphaldet og stemninga frå denne stranda er noko av det beste vi har opplevd i Hellas. Det var to tavernaer rett over stranda, der vi kunne slappe av i skyggen og kose oss med gode måltider om kveldane. Her vart vi kjende med vertskapa, og det var skikkeleg koseleg å få velje retten ein ville ha mellom mødre og bestemødre  på kjøkkenet deira. \"We have fiss (fish) today mama, come have a look!!\" Artig!
Det er ein by på Anafi og den ligg høgt oppe frå hava og heiter Chora. Her var det ein buss som køyrte opp og ned kvar time. Det gjekk også eit eseltrakk opp til byen. Vi hadde lyst til å gå opp, men jentene ville prøve bussen. Vi sette dei difor på bussen, med beskjed om at dei måtte vente på oss der bussen stoppa oppe i byen. Det tok oss vel ca 20min. å gå den bratte vegen opp. Då vi kom opp fann vi bussplassen men ingen jenter! Vi vart litt engstelege for vi kunne ikkje forstå kor dei kunne ha blitt av. Før panikken tok oss, såg vi at det var samla fleire folk borte i gata. Der var jentene våre omkransa av omsorgsfulle grekarar, som ikkje kunne forstå at to jenter var satt på bussen åleine opp til byen! Vi vart høfleg forklart at slikt måtte ein ikkje gjere mot barn. Vi følte oss faktisk som litt dårlege foreldre. Det som var skjedd var at jentene ikkje hadde gått av bussen då den var oppe i byen. Dette fordi dei var usikre på om det var endeplassen dei var komen til. Dei sat difor framleis på, då bussen køyrde ned igjen til havna. Buss-sjåføren forstod situasjonen og køyrte dei straks opp igjen til byen. Jentene hadde vore litt bekymra, men dei visste at vi ville komme. Grekarane er kjende for å vere svært glade i barn, det fekk vi oppleve.
Chora er ein liten koseleg by på toppen av fjellet med fantastisk utsikt ned på havet. 2 tavernaer kunne vi velje mellom med fantastisk utsikt. Etter vel ei veke på fredlege Anafi drog vi til neste øy Naxos.
Naxos er ei stor øy som ein helst bør ha bil for å utforske. Vi budde på Plaka camping, ein knapp halvtimes busstur frå havnebyen Naxos by. Dette var også ein reinsleg camping. Roleg atmosfære og alt tilrettelagt med eigen taverna osb. Det budde mange surfarar der, sidan Naxos er populær i det miljøet. Det bles ein del på Naxos og kombinasjonen vind og sand var ikkje alltid like god. Vi gjekk ein del turar i området bak campingen og fann m.a. eit heilt spesielt steinhus som var bygd inn i nokre berg og kjempesteinar. Det var roleg bondeland rundt med små gardar og massevis av solsikker. Eg elskar solsikker  :flower:  :flower:  :flower: Naxos by er svært fin. Gamlebyen har ein labyrint av gater der blomster og små koselege tavernaer dukkar opp i dei mest bortgøymde smug. Sjølvsagt måtte vi også ta bilder av kvarandre i solnedgongen ved den store steinporten som dominerer området i havna. Vakkert lys!! Ein dag leigde vi åpen jeep og køyrde rundt nesten heile øya. Det kan verkeleg anbefalst på det varmaste. Beste måten å få inntrykk av ei slik stor øy og alle dei perlene den har å by på. I byen Apollon nordøst på Naxos såg vi den kjempestore, uferdige marmorfiguren (600 f.Kr.) av guden Apollon. Den ligg i ei åsside og er 10,5 m. lang og veg 30 tonn. Imponerande. Den vesle fiskebyen Apollon er ein triveleg liten by som yrte av turistar. Kan verkeleg anbefale ein biltur rundt øya, den er storslagen og vakker, massevis av uberørte stader.
Etter 3 veker på denne fantastiske ferien vår, måtte vi setje kurs for Santorino igjen og fly attende til Norge.
Som minne frå denne ferien har vi 6 små kaffekoppar til å servere gresk kaffe i. Vi kjøpte 2 på kvar øy. Dei er søte og fine. Vi kjøpte også med oss gresk kaffe og eit lite kar som grekarane brukar til å koke kaffeen sin i.
På laurdagskveldane her heime lagar vi oss ofte gresk kaffe til dessert etter ein god middag. Då drikk vi den frå dei greske koppane våre. Det smakar nydeleg som kaffe med sjokolade. Vil anbefale alle glade øyhopparar å kjøpe med gresk kaffe heim. Her er oppskrifta til 2 små koppar gresk kaffe:

vatn til 2 små koppar
4 ts.kaffe og 4 ts. sukker i

Lat det stå på plata til det når kokepunkter. Må ikkje koke.
Rør i den og lat den kvile ca to minutt
Serverast og nytast  :flower:  :flower:

Siste innlegg i forumet

Artikkel om buegangene i Ano Syros
by marjana | 24. Apr 24, 16:02:28
Her er en grundig artikkel om historien rundt alle...
Re: Hvor er dette? 1032
by Diddi | 22. Apr 24, 21:46:13
Ja, minner om de mektige fjella deromkring. ...
Re: Vårtur - 2018 - Kardamili
by Kabi | 22. Apr 24, 19:01:52
Så koselig å se deg her igjen, Katherina :) Da b...
Amorgos blir neste
by Diddi | 14. Apr 24, 11:44:17
Ja, neste reise for oss blir på juvelen Amorgos i...
Re: Bildeserie fra Kithnos
by Diddi | 14. Apr 24, 11:22:45
☀️...
Re: Foto fra Kea
by Diddi | 14. Apr 24, 11:01:11
:) ...
Re: Kea og Kythnos
by marjana | 11. Apr 24, 00:34:01
Fergene fra Lavrio har en rute tur/retur bare Lavr...
Re: Nye branner
by Kabi | 09. Apr 24, 09:52:33
Kreta er også rammet av branner,mennesker alvorli...
GRATULERER med dagen !
by Kabi | 25. Mar 24, 12:58:44
Gratulerer med dagen, Hellas !https://www.ekathime...
Re: Artikkel om alle trappene og buegangene i Ano Syros
by marjana | 17. Mar 24, 16:11:38
Ja, jeg har lagt ut mange bilder av hus og buegang...
Re: Hvor skal vi dra i sommer?! Kan dere hjelpe oss?
by Kabi | 14. Mar 24, 11:46:42
Anbefaler varmt den romantiske byen Nafplio på Pe...
Flyttelass til Hellas
by Phillip Lian | 10. Mar 24, 11:52:28
Jeg prøver å bli klok på tollregler, men blir i...
Re: Kalo mina!
by Kabi | 01. Mar 24, 11:06:42
Kalo mina, mars 2024 !167.JPGUtsikt til Poros....
Re: Testing testing ena-thio-tria HER KAN DU TESTE DET DU VIL!
by kaka | 29. Feb 24, 12:43:55
Da prøver jeg igjenFant ikke utav av hva "Us...
Re: Kreta chania by hotel nær strand
by hakon57 | 17. Feb 24, 13:52:10
Hei, noen anbefalinger Hotel nær strand chania by...