Logg inn med Facebook eller Google!

Lesbos 3 veker sommaren 2003

Started by sandalar, 19. Jan 09, 14:53:08

Previous topic - Next topic

sandalar

Så var det på tide med ny Hellas-tur.  :faroah: Denne gongen drog eg og mannen min og dei 2 jentene våre til den flotte greske øya Lesbos, eller Lesvos som den også blir kalla.  :bounce:  Vi hadde 3 veker til disposisjon og drog slik vi pleier, med kun fly Norwegian tur- retur. Som alltid tenkte vi på førehand at vi ville få tid til å besøke ei, kanskje to øyar til, men det vart ikkje noko av. Lesbos er nokså stor og det er mange flotte plassar å utforske. Tida vår rakk ikkje til heile øya, så dette er igjen ei øy eg ynskjer å dra attende til. Vi starta opphaldet vårt i hovudbyen Mytilini.  :flower: Dette er ein travel havneby. Sjarmerande bakgater, men ikkje den finaste plassen vi har vore. Vi heiv oss på den første bussen og drog til ein liten plass som heiter Scala Kolloni.  :flower: Bussturen dit var lang, men vakker!!!Lesbos liknar ikkje på nokon av dei øyane eg har vore på tidlegare.  Scala Kolloni ligg ved ei svær bukt eller innsjø, der havet går langt inn, midt på øya. Det er ein fiskelandsby med koselege små fiskebåtar og ei roleg atmosfære. Vi fekk oss rom like ved torget. Her kunne vi bade og slappe av nokre dagar før vi sette kursen vidare til Molyvos.  :flower:  Molyvos er ein nydeleg by nord på øya. Den ligg i skråninga oppover mot ei stor borg. Her er ein smal veg oppover som slynger seg gjennom byen med borga som endestasjon. Flott by ! Vi sat på fortauskafe oppe i gatene og såg ned og ut på det glitrande havet. På kveldstid blomstra byen med lokale utsalg i alle smug oppover. I Molyvos budde vi på ein campingplass like utanfor byen. Vi har campa før i Hellas og alltid vore fornøgde med standarden. Dette var ein stille og fin plass, men det var fullt av digre edderkoppar der.Eg såg ein diger ein på størrelse med handa mi inne på det lite hygieniske toalettet :colors: Og med to døtre som absolutt ikkje likar edderkoppar, så vart ikkje opphaldet vårt her så lenge. Meiner vi var der omtrent 3 dagar. Vi besøkte den vesle byen Petra  :flower: like ved Molyvos. Det er ein vakker plass med ei smal, strand tett i tett med turistar. Det flottaste med Petra var ei lita kyrkje bygd øverst på ein smal liten fjelltopp, som stod som eit fyrtårn rett opp frå det ellers flate landskapet. Der var vi oppe og der var det spesielt å vere.
Neste stopp var Scala Erossos  :flower: Dette må seiast å vere den finaste plassen vi besøkte på Lesbos. Den ligg på sørsida av øya mot vest. Ein kjem køyrande over eit stort fjellparti som er nesten som eit månelandskap, øde og snautt med rader med digre vindmøller. Så går vegen nedover ein fruktbar dal, der den siste delen går gjennom olivenlundar og bondegardar ned mot havet og Scala Erossos. Stranda er berre heilt nydeleg. Den er lang og brei med grovkorna sand. Perfekt for bading og reint fint vatn. Denne staden er samlingsplass for lesbiske frå heile Europa. Det såg vi på kveldstid med uvanleg mange godt vaksne damer hand i hand. Det er ein roleg plass, ingen spesiell party-plass. Vi slo opp teltet vårt på ein del av den lange, lange stranda der det var lov å campe gratis. Så opplevde vi det ubehagelege at det var ein fyr i naboteltet som låg og kikka på oss under teltduken heile natta!! Det var ekkelt, og eg og mannen min vart sitjande vakt utanfor jentene sitt telt på skift heile natta. Vi visste ikkje kva vi kunne forvente oss av skrullingen. Dette vart slutten på campinglivet for denne turen. Neste dag fekk vi oss rom i 2. etasje hjå ein koseleg gresk familie. Mannen min som er ein ivrig syklist sykla ein dag frå Scala Erossos til Kalloni, Agiossos, Olympos (968m) tur-tetur. Ein tur på 20 mil. Det er eit av hans beste minner frå denne ferien. Ein anna ting som var artig på Scala Erossos, var at det ved enden av stranda var eit våtare parti, der det var fullt av små skilpadder. Det var artig å studere desse, og det var alltid samla mange ungar akkurat der. Vi fann ut etter ei veke at vi burde sjå meir av øya. Difor pakka vi saman nok ein gong og sette oss på bussen igjen. Denne gongen drog vi heilt vest på øya til ein liten by som heiter Sigri  :flower: Denne byen er verkeleg liten. Det er eit lite torg rett ved der bussen stoppar. Så er det ei eller to gater med hus attmed.Ingen souvunirbutikkar eller bilar, kun bakar og ein liten matbutikk. Det tek berre eit par minutt å gå gjennom bygata, så kjem ein til den vesle stranda som ligg i ei utruleg vakker, langstrakt bukt. Her er det svært langgrunnt men dog så fredeleg og vakkert. Denne plassen har lite turistar, nokre engelskmenn møtte vi. Vi fekk oss ei leilegheit med balkong med havutsikt like over stranda hjå triveleg vertskap. Det ligg ein forfallen festning rett ved byen. For den som ynskjer ro i sjela, er nok Sigri ein perfekt plass. Eg likte meg godt der og vil nok dra attende dit neste gong eg dreg til Lesbos. Frå Sigri kunne vi gå ein grusveg langs kysten til meir øde strender, der du kunne vere heilt for deg sjølv. Sigri vart etter nokre dagar litt roleg, og vi fekk lyst å dra attende til Scala Erossos og tilbringe resten av ferien vår der. Det gjorde vi. Vi fekk oss ein ny plass og bu. Det er ikkje nokon billeg plass, men vi syntes den var verdt litt ekstra i buutgifter. Kan berre nemne at dei har den mest spesielle kinoen eg har sett nokon gong der. Det er ein bitteliten utandørs kino med vegger rundt og blå dør inn. Det er stolar av enkel kvalitet og heilt spesiell stemning.  :drunken: moro !!  Neste gong eg dreg til Lesbos, har eg lyst å utforske Plomariområdet, samt dra attende til Sigri og Scala Erossos.

Siste innlegg i forumet

Amorgos blir neste
by Diddi | 14. Apr 24, 11:44:17
Ja, neste reise for oss blir på juvelen Amorgos i...
Re: Bildeserie fra Kithnos
by Diddi | 14. Apr 24, 11:22:45
☀️...
Re: Foto fra Kea
by Diddi | 14. Apr 24, 11:01:11
:) ...
Re: Kea og Kythnos
by marjana | 11. Apr 24, 00:34:01
Fergene fra Lavrio har en rute tur/retur bare Lavr...
Re: Nye branner
by Kabi | 09. Apr 24, 09:52:33
Kreta er også rammet av branner,mennesker alvorli...
Re: Vårtur - 2018 - Kardamili
by Kabi | 29. Mar 24, 09:48:51
Håper vi kan følge deg i Kardamili! Det er minst...
GRATULERER med dagen !
by Kabi | 25. Mar 24, 12:58:44
Gratulerer med dagen, Hellas !https://www.ekathime...
Re: Artikkel om alle trappene og buegangene i Ano Syros
by marjana | 17. Mar 24, 16:11:38
Ja, jeg har lagt ut mange bilder av hus og buegang...
Re: Hvor skal vi dra i sommer?! Kan dere hjelpe oss?
by Kabi | 14. Mar 24, 11:46:42
Anbefaler varmt den romantiske byen Nafplio på Pe...
Flyttelass til Hellas
by Phillip Lian | 10. Mar 24, 11:52:28
Jeg prøver å bli klok på tollregler, men blir i...
Re: Kalo mina!
by Kabi | 01. Mar 24, 11:06:42
Kalo mina, mars 2024 !167.JPGUtsikt til Poros....
Re: Testing testing ena-thio-tria HER KAN DU TESTE DET DU VIL!
by kaka | 29. Feb 24, 12:43:55
Da prøver jeg igjenFant ikke utav av hva "Us...
Re: Hvor er dette? 1032
by kaka | 27. Feb 24, 20:12:58
Så moro at jeg tok den :) Jeg har vært der i slu...
Re: Kreta chania by hotel nær strand
by hakon57 | 17. Feb 24, 13:52:10
Hei, noen anbefalinger Hotel nær strand chania by...
Re: Alonissos 2024
by Hellasfrelst | 16. Feb 24, 09:02:22
Jeg har heller ikke vært inne på Hellasforum på...